Australian Football League

Hey,

Var på fotballkamp her førre helg. Ikkje slik ordentleg fotball som Leeds blant anna spela. Nei, dette var AFL, Australian football league. Det er den største sporten i Australia, men eg skjønte ikkje reglane før fjerde og siste omgang. Per omgang vara i 30 minutt og det var ganske fullt på Subiaco Oval som rommar 50.000 tilskodarar.

Fekk gratisbillettar av familien til ein kompis av meg, David Von Leunbach! Kjempekar.

David likar seg på kamp med øl

Meg og maskoten i håndgemeng før kampstart!

Varmt var det vertfall!!

Fremante dockers vant kampen 118 – 116 mot Geeldon trur eg det var:)

Alt i alt ei artig oppleving og noko eg måtte ha med meg under opphaldet mitt Down Under.

april 22, 2010 at 8:49 am 1 kommentar

Påsketur til Exmouth

Sidan det er påske og mid-semester-break har seks kloke studentar funne ut at dei vil utforske meir av denne flotte store øya. Ferden går i første omgang  frå Perth til Kalbarri kor me tek ein liten pit-stop på eit døgn. Her blir det å slå opp telt før me fartar vidare nordover dagen derpå til me stoggar ved Exmouth eitt tusen to hundre og åtteogfemti kilometer lengre opp i delstaten Western Australia, eller fire Osloturar frå Årdal om du vil.

- I Exmouth skal vi prøve å få en svømmetur med verdens største fisk. Hvalhaien immigrerer nemlig hit vært år fra slutten av mars til juli. Det kommer også til å gå en del tid til snorkling i Ningaloo Reef som går for å være et av verdens peneste koralrev. Seier turarrangør, Simen Lønning (24) til bloggen min.

Til anledninga har eg kjøpt inn fiskestong, slukar og ikkje minst eit snøre som merkeleg nok var dyrare enn sjølve stonga. Elles er ein flott campingstol med kjølebag og (vaksen)brus-behaldar handla inn i lag med myggnetting, myggspray, liggeunderlag og anna dill dall.

Skal koma attende med statusrapport og fyldigare reisebrev med tida, så følg med :)

I mellomtida:


Bilete henta frå Simen sin blogg.

april 1, 2010 at 8:45 pm Kommenter innlegget

Journalist-student

Livet som student går framleis bra. Dette semesteret er truleg det mest intensivet eg kjem til å ha under opphaldet mitt her nede. No lærer eg meg kunnskapen å framkalle i mørkerom med film, samstundes å lære seg kunsten med å ta bilete med analog-kamera med tanke på blender, lukkertid, ISO og meir. Eit anna fotofag eg har er Advanced Digital Phototomedia, her lærer me om digitale speilreflekskamera og redigering i photoshop, ganske morosamt. Eg har valt å ta to tredjeårsfag i journalistikken som heiter Newsroom Journalism og Freelance. I sistnemde fag har eg akkurat fått tilbakemeldingar om ein profil-artikkel eg har laga om ein bodybuilder som heiter Steve Mattioli, ein fantastisk hyggeleg kar. Eg fekk karakteren Distinction, noko eg er særs nøgd med då dette er det nest høgste. Følgjande kommentar høyrde med; “You have told a great story and shown that you have an eye for what is interesting and funny and engaging. In parts your use of language is brilliant but in parts it just needs a little work , mainly with little joining words like in, for, on etc.”
Om det er nokon der ute som er flink med bindeord i engelsk som kan gje med ein hurtigleksjon? :)

Ja, tenkte eg kunne dele med dykk artiklane eg skriv i eit fag eg har på uni som heiter Newsroom journalism. Her opererar me som ekte journalistar der me får utdelt informasjon kring ei sak kvar måndag. Deadline er satt til fredag og i mellomtida må me jobba i grupper for å halda liv i nettstaden kalla 3rd degree. Følg linken her for å sjå kva eg driv med.

Me skal laste opp 10 artiklar i løpet av semesteret. Neste artikkel kjem i morgon, medan neste deretter kjem om to veker grunna påskeferie.

På gjensyn,
Morten

mars 31, 2010 at 7:31 am Kommenter innlegget

Dracula på karneval

På laurdag var det duka for karneval hjå nokre kjekke og stramme karar som har busatt seg lenger sør i byen.

Her dukka Super Mario & Luigi opp, det same gjorde fleire prinsesser og ninjaer. Rafael frå turtles sprada rundt i huset, ei vandrande søppebøtte haldt stand og fleire transar tok turen innom karnevalet.

Eg var utkledd som Dracula og hadde kjøpt dressbukse, dressjakke, finskjorte!, pensko! og ansiktsmaling til den nette sum av 25 dollar på ei bruktsjappe. (25×5,4NOK)

av: Hedda Skappel

Morosamt var det, sjølv om me vart tre timar forsinka grunna ein tvsendt Leeds-kamp som måtte prioriterast. I tillegg til fleire foppalidiotar her i Perth, traska eg først ned til naboen på vorspiel hjå Luigi/Simen saman med Lynvingen/Stian og Spiderman/Andreas kor me rigga oss til med FOX-tel med projektor, slik at gutta fekk sjå Rottenham mot stakkarslege Pompey medan eg streama heltane mine i aksjon mot Norwich for ikkje å gå vidare inn på resultatet. Pauseunderhaldning var wiener-pølse og sminking! :)

mars 30, 2010 at 7:51 am Kommenter innlegget

Bloggtørka over?

Har hatt ein lang og god ferie etter skulen slutta i November. Dette har utvilsamt påverka bloggskrivinga, men skal prøva å få ned nokre ord og bilete i tida som kjem.

No er eg attende i Perth, eller har vore her sidan 23 Februar etter ein korttur heim til moderlandet i Januar/Februar.

Det var ein deilig tur heim då eg og fekk sett famile, vener og andre bekjente. Tipp topp! Fekk meg og ein tur over dammen for å sjå verdens beste klubblag slå Colchester på fortet: Elland Road. Magisk! Ettersom eg er vorten 24 vintrar gamal var dette ein utmerket presang frå min betre halvleik :)

Elin vert diverre ikkje med “Down Under”, då ho fekk eit kjempetilbod om å bli dagleg leiar i Studio Alf frisører i Oslo. Noko ho rett og slett ikkje kunne takka nei til. Jobben ligg i Grønnegata, rett attmed der me har leilighet i Parkveien. Det er i gata nedanfor gamlejobben hennar for den som hugsar kor den låg. Det er òg same bedrift og eigarar. Ein kan tydeleg sjå at ho har gjort eit godt inntrykk med sine tre lærlingår i Hegdehaugsveien.

Elles er været her stabilt varmt her i OZ forutan ein liten orkan som sveia over byen førre måndag. Det er hektisk på skulen med mykje innleveringar og sjølvstudie. Kan nemna 14 innleveringar og oppdrag i April mnd og 18 i Mai som ventar.

Planen vidare er å reise heim til Noreg i sommar, då eg har fått tilbod om sommarjobb på NorSun. Blir verande i solfylte nord i om lag 2 mnd. Gledar meg til å treffe kjæraste, familie, vener samt bygd & by, i prioritert rekkefølgje!

Me prekast,
Morten

mars 30, 2010 at 7:30 am Kommenter innlegget

Byen vår

Fra Kings Park kan du sjå nesten heile byen vår, og det er eit fantastisk syn. Her har eg teke bilete fra parken i solnedgang og kveld.

desember 2, 2009 at 5:28 am 2 kommentarar

Exclusive: Burn In Hell release

I går kveld dukka movie-posteren til den nye filmen vår opp. Eg, Elin og Bjørn Erik har stilt opp som modellar for Didrick sitt filmprosjekt. Mr. Stenersen er godt nøgd med sitt ferdige produkt. – Jeg har laget en filmplakat på sløyden denne uken. Sjekk ut Burn in Hell. Den er konge, seier Mr. Stenersen i ein kort kommentar på sin eigen blogg.

burninhell
Tør du å sjå filmen?

oktober 23, 2009 at 5:56 am 1 kommentar

Bali

No er me i vakre Bali. Første dagen var det overskya og kjedeleg, kva skulle me finne på?
I går kom første soldagen og tøffe som me er, grilla me oss heile dagen til me var så solbrende at me låg strake i senga resten av kvelden. Blir skyggen i dag så håpar me at me kan ut att i finvèret i morgon.
Her bur me.

Frå hotellet

Frå hotellet

IMG_1573

No har eg dårleg batteri på maskina mi, og eg brukar kvarter på å lasta opp kvart bilete.
Skal prøva å oppdatera att i kveld.
Tudels.

september 24, 2009 at 4:35 am Kommenter innlegget

På norskfest i OZ

I går kveld var me på ANSA fest, “Back to school party” kalla dei det. ANSA er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. Her vart me kjend med enda fleire nordmenn, som har klart å rota seg ned til Perth.
Me hadde eit lite pre-party nede i LA Grange street, dvs. hos Thea, Ina og Ingvild.

Her er gjengen klare for ANSA fest

Her er gjengen klare for ANSA fest

Tidlegare på dagen hadde jentene i “Grange street” fått besøk av sjølvaste raudnakken, Eddy. “Eddy the cop” hadde teke turen frå blomsterbeddet i retning huset då han brutalt vart drepen av jentene sin nabo. Redback som han òg blir kalla er den kjende, farlege og ekle edderkoppen. Han har den karakteristiske raude stripa på ballongryggen sin, kor han òg oppbevara gift og anna skvip. Han kan visst drepa ungar, sjuke og gamle når ein angrip menneskje.

Eddy vart knipsa av Thea, i det han skulle bryta seg inn i huset!!!

Eddy vart knipsa av Thea, i det han skulle bryta seg inn i huset!!!

august 22, 2009 at 4:39 pm 3 kommentarar

Skule og peng i boks

Då var eg endeleg innrullert og skulen er i gong for min del. Eg har valt major i journalistikk, for den som lurer har eg valt “electives” (fag) frå Broadcasting og Photomedia. Elin seier eg skal bli den nye Davy, han i TV2 veit du, berre med årdalsdialekt og ivrig forteljarstemma.
No går eg og Elin på samme campus, sjølv om ho sit nokre bygg bortanfor og reknar seg i hjel på business-linja med kalkulator i handa og rosa sløyfer i i håret, på den nye bobfrisyren ho har anskaffa seg.

Dagane går her nede i Perth, sola skin og skal skina i minst 14 dagar framover. Varmen sprer seg fort frå morgonen og temperatuen viser om lag 20-25 + om dagane. Om ettermiddagen kjem kulda krypande fortare enn svint når sola går ned og det mørknar, i sekstida. Me frys om natta, spesielt eg, då Elin har fått ein fel uvane med å hiva dyna si på golvet for så å ta over mi. Det er som fortent, for eg er så uroleg og sparkar ho i søvne, seier illa.
Elles er det langhelg på oss no og me skal nyta fridagane og finveret til å gjera mykje som å trakka nede på strondi, dessutan skal Elin lesa til mid-term exam som er i neste veka.

Ein ting til, no ser det ut til at eg får peng frå lånekassen etter månader med venting! Finally.. No har eg gått utan peng sidan midten av Juni, og har berre snylta på Elin som har vore veldig gavmild. No treng eg ikkje spørja etter lommepeng frå kjæresten min lenger. Det skal bli godt.

PS. I morgo, den 31. Juli har Elin namnedag. Kort og pakkar kan sendast til 10/60 Stanley st. Scarborough 6019 WA.

Fyrste skuledag med ranselen (Elin sin) på plass

Fyrste skuledag med ranselen (Elin sin) på plass

Kaffi i langfri

Kaffi i langfri

Så kjekt det er på skulen

Så kjekt det er på skulen

Pause nummer to

Pause nummer to

Kjæresteparet

Kjæresteparet

juli 30, 2009 at 3:21 pm 3 kommentarar

“Helt” på dansegolvet

I går var eg ute å feira Ina sin 20 årsdag på ein uteplass her i Perth.  Her skulle det visa seg at eg ikkje har lagt att “dansefoten” i Noreg.

Elin kunne diverre ikkje vera med, då ho hadde så mykje skulearbeid å henga fingrane i, så eg måtte forsvara familens ære denne kvelden.
Me som skulle ut å feira møttest i lobbyen på YHA før me rusla til byen for å finna ein ordentleg plass å eta ein betre middag. Etter å ha gått langt og lenger enn langt kom me til BOX, trur eg den heiter. Dette var ein Restaurant, bar og lounge. Sidan me kom sopass seint som klokka halv ni på ein laurdags kveld var musikken allereie eit par nivå over det normale.

Den betre middagen eg snakka om bestod i spaghetti med sopp, mykje tomatsaus og kvitløksdressing og sjølvsagt Cola attåt. Dei andre slo til med voksenbrus, sprudlevann og fargerike drinkar, både med og utan paraply.

Midt ut i middagen kjenne eg ei hand som glir nedover halsen og magen min, eg ser opp og der står ei mildt sagt halvfull eller kan eg bruka uttrykket “dritings” vordande brud med både slør og alkoholånde. Til stor jubel for dei andre medlemmane i dette utdrikkingslaget lokka dei meg og kompis Bjørn Erik ut på dansegolvet for ein treminuttars “showoff” i lag med bruda og forlovaren hennar etter musikk av Michael Jakcson med låta Billie Jean.

Det vart ikkje noko moonwalk på meg. Heller ikkje noko “fancy” greier egentleg. Når du verken har rytme, takt eller kordinasjon i kroppen, og attpåtil har skrekk for å danse framføre andre menneske, måtte dette berre bli ein kanllsuksess. Minus minus er jo pluss. Med så mange minus vart eg ein sikker vinnar der eg stod med knekk i knea, varm i hovudet og raud som ein tomat med ei hoppande glad brud og jublande venner i sirkel. Har du nokon gong sett meg flau? Då kan du gonga det med ti, slek såg eg ut denne kvelden. Har du nokon gong sett meg dansa? Truleg ikkje, heller ikkje i framtida. Der er tross alt ein grunn for at eg ikkje opptrer på dansegolvet når eg ein sjeldan gong tek meg ein fest.

Jentene må ha vore veldig fornøyd med innsatsen vår, for seinare på kvelden kom det bort ei dame og spurte om me hadde lyst til å strippe for dei. Dette sjarmerande tilbodet takka me høfleg nei til.

Som takk for at me “ville” stilla opp,  fekk me nokre “goodiebags” med karamell og sjokolade oppi.

Her er nokre visuelle bevis på at eg “rocka” dansegolvet denne laurdagen:

Grepa tak

Grepa tak

IMG_0717

No skal eg ta snurren på "brura"

No skal eg ta snurren på "brura"

juli 19, 2009 at 3:21 pm 4 kommentarar

Pirattaxi

I dag har me “Kjørt fake pirattaxi til bilen tok fyr, make løv in the backseat som ville dyr”. (Karpe diem, Fjern deg)
Ikkje bokstavleg tala, men me har endeleg fått våre venner til byen og då var det berre til å varme opp maskina vår.
Den koreafødte Hyundai Excel har fått seg eit par ekstra kilometer under panseret.

Dette gjorde me for å vera litt snille, der eg og kartlesar Elin (Perthlosen) har “briefa” med kunnskap og kjennskap rundt i byen med bilen vår full av Perth siste import av kvalitetsnordmenn.

Ei anna årsak til at me tok dei med på “sightseeing” er for å lokka alle opp til oss, på Scarborough beach. Me lika nemleg å ha nærleik med nordmenn.

I morgo ventar ei ny runde “sightseeing” med gruppe to og tre. Eg vil tru dei gledar seg som små ungar til å få sitta på med vår kvite fartsmaskin gjennom Perth sine tronge gater og vakre strender.

Av ein uforklarleg årsak har Elin, som fungerar som fotograf gløymt att kamera når ho rusla avgarde til skulen!  Ho hadde heldigvis med seg ranselen sin.

Dagens song for anledninga:

juli 14, 2009 at 4:55 pm 2 kommentarar

Gratulera med dagen, mor

Hipp hurra, mamma min, Morten, har bursdag i dag.

mamma 46 år, men eg fann ikkje bilete med nok lys

mamma 46 år, men eg fann ikkje bilete med nok lys

juli 9, 2009 at 1:36 pm Kommenter innlegget

Youtube og litt kart


Fann denna videoen på youtube. Her skal me bu dei neste månadane, og me gledar oss å nyta strandlivet og bølgene på Scarborough beach.


Ein liten omvisning i Perth. Take a look! :)

Har testa ut skype, som fungerar utmerket. Her er litt kontaktinfo om oss i Australia:

Elin

Mail: elinreppen@yahoo.no

Skypenavn: elinreppen

Tlf: +61406652515

Morten

Mail: sortland_86@hotmail.com

Skypenavn: sortlanden

Tlf: +61406648947

Adresse: 10/60 Stanley street, Scarborough, 6019 WA

Morten og Elin

juni 17, 2009 at 5:10 pm 2 kommentarar


Sider

 

januar 2012
m ty o to f l s
« Apr    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Top Posts

    Siste innlegg

    Siste kommentarar

    David den Australian Football Leagu…
    ElinogMorten den Byen vår
    Tonje den Byen vår
    moci den Exclusive: Burn In Hell r…
    ElinogMorten den BALI
    KD den BALI
    stine den På norskfest i OZ
    ElinogMorten den På norskfest i OZ
    moci den På norskfest i OZ
    shoops den Skule og peng i boks

    Følg

    Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.