Arkiv for juli, 2009

Skule og peng i boks

Då var eg endeleg innrullert og skulen er i gong for min del. Eg har valt major i journalistikk, for den som lurer har eg valt “electives” (fag) frå Broadcasting og Photomedia. Elin seier eg skal bli den nye Davy, han i TV2 veit du, berre med årdalsdialekt og ivrig forteljarstemma.
No går eg og Elin på samme campus, sjølv om ho sit nokre bygg bortanfor og reknar seg i hjel på business-linja med kalkulator i handa og rosa sløyfer i i håret, på den nye bobfrisyren ho har anskaffa seg.

Dagane går her nede i Perth, sola skin og skal skina i minst 14 dagar framover. Varmen sprer seg fort frå morgonen og temperatuen viser om lag 20-25 + om dagane. Om ettermiddagen kjem kulda krypande fortare enn svint når sola går ned og det mørknar, i sekstida. Me frys om natta, spesielt eg, då Elin har fått ein fel uvane med å hiva dyna si på golvet for så å ta over mi. Det er som fortent, for eg er så uroleg og sparkar ho i søvne, seier illa.
Elles er det langhelg på oss no og me skal nyta fridagane og finveret til å gjera mykje som å trakka nede på strondi, dessutan skal Elin lesa til mid-term exam som er i neste veka.

Ein ting til, no ser det ut til at eg får peng frå lånekassen etter månader med venting! Finally.. No har eg gått utan peng sidan midten av Juni, og har berre snylta på Elin som har vore veldig gavmild. No treng eg ikkje spørja etter lommepeng frå kjæresten min lenger. Det skal bli godt.

PS. I morgo, den 31. Juli har Elin namnedag. Kort og pakkar kan sendast til 10/60 Stanley st. Scarborough 6019 WA.

Fyrste skuledag med ranselen (Elin sin) på plass

Fyrste skuledag med ranselen (Elin sin) på plass

Kaffi i langfri

Kaffi i langfri

Så kjekt det er på skulen

Så kjekt det er på skulen

Pause nummer to

Pause nummer to

Kjæresteparet

Kjæresteparet

juli 30, 2009 at 3:21 pm 3 kommentarar

“Helt” på dansegolvet

I går var eg ute å feira Ina sin 20 årsdag på ein uteplass her i Perth.  Her skulle det visa seg at eg ikkje har lagt att “dansefoten” i Noreg.

Elin kunne diverre ikkje vera med, då ho hadde så mykje skulearbeid å henga fingrane i, så eg måtte forsvara familens ære denne kvelden.
Me som skulle ut å feira møttest i lobbyen på YHA før me rusla til byen for å finna ein ordentleg plass å eta ein betre middag. Etter å ha gått langt og lenger enn langt kom me til BOX, trur eg den heiter. Dette var ein Restaurant, bar og lounge. Sidan me kom sopass seint som klokka halv ni på ein laurdags kveld var musikken allereie eit par nivå over det normale.

Den betre middagen eg snakka om bestod i spaghetti med sopp, mykje tomatsaus og kvitløksdressing og sjølvsagt Cola attåt. Dei andre slo til med voksenbrus, sprudlevann og fargerike drinkar, både med og utan paraply.

Midt ut i middagen kjenne eg ei hand som glir nedover halsen og magen min, eg ser opp og der står ei mildt sagt halvfull eller kan eg bruka uttrykket “dritings” vordande brud med både slør og alkoholånde. Til stor jubel for dei andre medlemmane i dette utdrikkingslaget lokka dei meg og kompis Bjørn Erik ut på dansegolvet for ein treminuttars “showoff” i lag med bruda og forlovaren hennar etter musikk av Michael Jakcson med låta Billie Jean.

Det vart ikkje noko moonwalk på meg. Heller ikkje noko “fancy” greier egentleg. Når du verken har rytme, takt eller kordinasjon i kroppen, og attpåtil har skrekk for å danse framføre andre menneske, måtte dette berre bli ein kanllsuksess. Minus minus er jo pluss. Med så mange minus vart eg ein sikker vinnar der eg stod med knekk i knea, varm i hovudet og raud som ein tomat med ei hoppande glad brud og jublande venner i sirkel. Har du nokon gong sett meg flau? Då kan du gonga det med ti, slek såg eg ut denne kvelden. Har du nokon gong sett meg dansa? Truleg ikkje, heller ikkje i framtida. Der er tross alt ein grunn for at eg ikkje opptrer på dansegolvet når eg ein sjeldan gong tek meg ein fest.

Jentene må ha vore veldig fornøyd med innsatsen vår, for seinare på kvelden kom det bort ei dame og spurte om me hadde lyst til å strippe for dei. Dette sjarmerande tilbodet takka me høfleg nei til.

Som takk for at me “ville” stilla opp,  fekk me nokre “goodiebags” med karamell og sjokolade oppi.

Her er nokre visuelle bevis på at eg “rocka” dansegolvet denne laurdagen:

Grepa tak

Grepa tak

IMG_0717

No skal eg ta snurren på "brura"

No skal eg ta snurren på "brura"

juli 19, 2009 at 3:21 pm 4 kommentarar

Pirattaxi

I dag har me “Kjørt fake pirattaxi til bilen tok fyr, make løv in the backseat som ville dyr”. (Karpe diem, Fjern deg)
Ikkje bokstavleg tala, men me har endeleg fått våre venner til byen og då var det berre til å varme opp maskina vår.
Den koreafødte Hyundai Excel har fått seg eit par ekstra kilometer under panseret.

Dette gjorde me for å vera litt snille, der eg og kartlesar Elin (Perthlosen) har “briefa” med kunnskap og kjennskap rundt i byen med bilen vår full av Perth siste import av kvalitetsnordmenn.

Ei anna årsak til at me tok dei med på “sightseeing” er for å lokka alle opp til oss, på Scarborough beach. Me lika nemleg å ha nærleik med nordmenn.

I morgo ventar ei ny runde “sightseeing” med gruppe to og tre. Eg vil tru dei gledar seg som små ungar til å få sitta på med vår kvite fartsmaskin gjennom Perth sine tronge gater og vakre strender.

Av ein uforklarleg årsak har Elin, som fungerar som fotograf gløymt att kamera når ho rusla avgarde til skulen!  Ho hadde heldigvis med seg ranselen sin.

Dagens song for anledninga:

juli 14, 2009 at 4:55 pm 2 kommentarar

Gratulera med dagen, mor

Hipp hurra, mamma min, Morten, har bursdag i dag.

mamma 46 år, men eg fann ikkje bilete med nok lys

mamma 46 år, men eg fann ikkje bilete med nok lys

juli 9, 2009 at 1:36 pm Kommenter innlegget


Sider

 

juli 2009
m ty o to f l s
« Jun   Aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Top Posts

    Siste innlegg

    Siste kommentarar

    David på Australian Football Leagu…
    ElinogMorten på Byen vår
    Tonje på Byen vår
    mociExclusive: Burn In Hell r…
    ElinogMorten på BALI
    KD på BALI
    stine på På norskfest i OZ
    ElinogMorten på På norskfest i OZ
    mociPå norskfest i OZ
    shoops på Skule og peng i boks

    Følg

    Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.