Skule og peng i boks
juli 30, 2009 at 3:21 pm 3 kommentarar
Då var eg endeleg innrullert og skulen er i gong for min del. Eg har valt major i journalistikk, for den som lurer har eg valt “electives” (fag) frå Broadcasting og Photomedia. Elin seier eg skal bli den nye Davy, han i TV2 veit du, berre med årdalsdialekt og ivrig forteljarstemma.
No går eg og Elin på samme campus, sjølv om ho sit nokre bygg bortanfor og reknar seg i hjel på business-linja med kalkulator i handa og rosa sløyfer i i håret, på den nye bobfrisyren ho har anskaffa seg.
Dagane går her nede i Perth, sola skin og skal skina i minst 14 dagar framover. Varmen sprer seg fort frå morgonen og temperatuen viser om lag 20-25 + om dagane. Om ettermiddagen kjem kulda krypande fortare enn svint når sola går ned og det mørknar, i sekstida. Me frys om natta, spesielt eg, då Elin har fått ein fel uvane med å hiva dyna si på golvet for så å ta over mi. Det er som fortent, for eg er så uroleg og sparkar ho i søvne, seier illa.
Elles er det langhelg på oss no og me skal nyta fridagane og finveret til å gjera mykje som å trakka nede på strondi, dessutan skal Elin lesa til mid-term exam som er i neste veka.
Ein ting til, no ser det ut til at eg får peng frå lånekassen etter månader med venting! Finally.. No har eg gått utan peng sidan midten av Juni, og har berre snylta på Elin som har vore veldig gavmild. No treng eg ikkje spørja etter lommepeng frå kjæresten min lenger. Det skal bli godt.
PS. I morgo, den 31. Juli har Elin namnedag. Kort og pakkar kan sendast til 10/60 Stanley st. Scarborough 6019 WA.

Fyrste skuledag med ranselen (Elin sin) på plass

Kaffi i langfri

Så kjekt det er på skulen

Pause nummer to

Kjæresteparet
Oppføring arkivert under: Livet i Perth. Stikkord: .
3 kommentarar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
stine | juli 30, 2009 ved 4:06 pm
Så fin du var på håret, Elin!
2.
Hanne Ö | juli 30, 2009 ved 4:15 pm
Hei kjæresteparet ;]
Det ser ut for at de kosar dikka og har det bra der nede, kjenne misunnelsen sprer seg..
Sumaren sviktar oss her i oppe i Nord, så det hadde vore fint om de kan senda over eit par strålar!
Masse lykke til med studiane begge to – grattis med ny snasen sveis og namnedagen i morgon Elin..
Helsing Hanne
3.
shoops | august 2, 2009 ved 2:29 am
Flott dame du har, Morten!