Arkiv for mars, 2010
Journalist-student
Livet som student går framleis bra. Dette semesteret er truleg det mest intensivet eg kjem til å ha under opphaldet mitt her nede. No lærer eg meg kunnskapen å framkalle i mørkerom med film, samstundes å lære seg kunsten med å ta bilete med analog-kamera med tanke på blender, lukkertid, ISO og meir. Eit anna fotofag eg har er Advanced Digital Phototomedia, her lærer me om digitale speilreflekskamera og redigering i photoshop, ganske morosamt. Eg har valt å ta to tredjeårsfag i journalistikken som heiter Newsroom Journalism og Freelance. I sistnemde fag har eg akkurat fått tilbakemeldingar om ein profil-artikkel eg har laga om ein bodybuilder som heiter Steve Mattioli, ein fantastisk hyggeleg kar. Eg fekk karakteren Distinction, noko eg er særs nøgd med då dette er det nest høgste. Følgjande kommentar høyrde med; “You have told a great story and shown that you have an eye for what is interesting and funny and engaging. In parts your use of language is brilliant but in parts it just needs a little work , mainly with little joining words like in, for, on etc.”
Om det er nokon der ute som er flink med bindeord i engelsk som kan gje med ein hurtigleksjon?

Ja, tenkte eg kunne dele med dykk artiklane eg skriv i eit fag eg har på uni som heiter Newsroom journalism. Her opererar me som ekte journalistar der me får utdelt informasjon kring ei sak kvar måndag. Deadline er satt til fredag og i mellomtida må me jobba i grupper for å halda liv i nettstaden kalla 3rd degree. Følg linken her for å sjå kva eg driv med.
Me skal laste opp 10 artiklar i løpet av semesteret. Neste artikkel kjem i morgon, medan neste deretter kjem om to veker grunna påskeferie.
På gjensyn,
Morten
Dracula på karneval
På laurdag var det duka for karneval hjå nokre kjekke og stramme karar som har busatt seg lenger sør i byen.
Her dukka Super Mario & Luigi opp, det same gjorde fleire prinsesser og ninjaer. Rafael frå turtles sprada rundt i huset, ei vandrande søppebøtte haldt stand og fleire transar tok turen innom karnevalet.
Eg var utkledd som Dracula og hadde kjøpt dressbukse, dressjakke, finskjorte!, pensko! og ansiktsmaling til den nette sum av 25 dollar på ei bruktsjappe. (25×5,4NOK)
Morosamt var det, sjølv om me vart tre timar forsinka grunna ein tvsendt Leeds-kamp som måtte prioriterast. I tillegg til fleire foppalidiotar her i Perth, traska eg først ned til naboen på vorspiel hjå Luigi/Simen saman med Lynvingen/Stian og Spiderman/Andreas kor me rigga oss til med FOX-tel med projektor, slik at gutta fekk sjå Rottenham mot stakkarslege Pompey medan eg streama heltane mine i aksjon mot Norwich for ikkje å gå vidare inn på resultatet. Pauseunderhaldning var wiener-pølse og sminking!
Bloggtørka over?
Har hatt ein lang og god ferie etter skulen slutta i November. Dette har utvilsamt påverka bloggskrivinga, men skal prøva å få ned nokre ord og bilete i tida som kjem.
No er eg attende i Perth, eller har vore her sidan 23 Februar etter ein korttur heim til moderlandet i Januar/Februar.
Det var ein deilig tur heim då eg og fekk sett famile, vener og andre bekjente. Tipp topp! Fekk meg og ein tur over dammen for å sjå verdens beste klubblag slå Colchester på fortet: Elland Road. Magisk! Ettersom eg er vorten 24 vintrar gamal var dette ein utmerket presang frå min betre halvleik
Elin vert diverre ikkje med “Down Under”, då ho fekk eit kjempetilbod om å bli dagleg leiar i Studio Alf frisører i Oslo. Noko ho rett og slett ikkje kunne takka nei til. Jobben ligg i Grønnegata, rett attmed der me har leilighet i Parkveien. Det er i gata nedanfor gamlejobben hennar for den som hugsar kor den låg. Det er òg same bedrift og eigarar. Ein kan tydeleg sjå at ho har gjort eit godt inntrykk med sine tre lærlingår i Hegdehaugsveien.
Elles er været her stabilt varmt her i OZ forutan ein liten orkan som sveia over byen førre måndag. Det er hektisk på skulen med mykje innleveringar og sjølvstudie. Kan nemna 14 innleveringar og oppdrag i April mnd og 18 i Mai som ventar.
Planen vidare er å reise heim til Noreg i sommar, då eg har fått tilbod om sommarjobb på NorSun. Blir verande i solfylte nord i om lag 2 mnd. Gledar meg til å treffe kjæraste, familie, vener samt bygd & by, i prioritert rekkefølgje!
Me prekast,
Morten




Siste kommentarar