Arkiv for april, 2010
Australian Football League
Hey,
Var på fotballkamp her førre helg. Ikkje slik ordentleg fotball som Leeds blant anna spela. Nei, dette var AFL, Australian football league. Det er den største sporten i Australia, men eg skjønte ikkje reglane før fjerde og siste omgang. Per omgang vara i 30 minutt og det var ganske fullt på Subiaco Oval som rommar 50.000 tilskodarar.
Fekk gratisbillettar av familien til ein kompis av meg, David Von Leunbach! Kjempekar.
Fremante dockers vant kampen 118 – 116 mot Geeldon trur eg det var:)
Alt i alt ei artig oppleving og noko eg måtte ha med meg under opphaldet mitt Down Under.
Påsketur til Exmouth
Sidan det er påske og mid-semester-break har seks kloke studentar funne ut at dei vil utforske meir av denne flotte store øya. Ferden går i første omgang frå Perth til Kalbarri kor me tek ein liten pit-stop på eit døgn. Her blir det å slå opp telt før me fartar vidare nordover dagen derpå til me stoggar ved Exmouth eitt tusen to hundre og åtteogfemti kilometer lengre opp i delstaten Western Australia, eller fire Osloturar frå Årdal om du vil.
- I Exmouth skal vi prøve å få en svømmetur med verdens største fisk. Hvalhaien immigrerer nemlig hit vært år fra slutten av mars til juli. Det kommer også til å gå en del tid til snorkling i Ningaloo Reef som går for å være et av verdens peneste koralrev. Seier turarrangør, Simen Lønning (24) til bloggen min.
Til anledninga har eg kjøpt inn fiskestong, slukar og ikkje minst eit snøre som merkeleg nok var dyrare enn sjølve stonga. Elles er ein flott campingstol med kjølebag og (vaksen)brus-behaldar handla inn i lag med myggnetting, myggspray, liggeunderlag og anna dill dall.
Skal koma attende med statusrapport og fyldigare reisebrev med tida, så følg med
I mellomtida:





Siste kommentarar