BALI
BALI 09
Kapittel 1, Introduksjon:
21 september sette me oss på flyet frå Perth internasjonal og vendte snuten mot varmare strøk. Retninga var verken syd eller sør, men nord. Etter tre og ein halv time på Air Asia landa me på Denpasar i Bali. Bali er ei lita øy i Indonesia med eit innbyggjartal på 3,6 millionar menneske.
Ved framkomst var det ein blanding av varme og fuktigheit som slo mot oss i det me gjekk ned trappa frå flyet. Heldigvis var det mørkt og aftan i det me planta føtene våre på bakken. For å koma gjennom innsjekkinga og inn i landet måtte me blant anna kjøpa visum og betale med amerikanske dollar.

Flyplassen i Perth

Litt av rommet/hytta vår

Hagen


Kapittetl 2, Solbrent:
Me har ferie i to veker frå skulen, ”mid semester break”, og derfor nytta me tida til å få litt sol på kroppen. Vel, litt for mykje av det gode spør du meg. Etter første dag i varmen var eg så brent på skuldrene at eg trudde eg skulle stryka med. Ja nasen min var kanskje den som såg verst ut. For den er jo så stor at uansett korleis eg snur og vende på meg var det alltid ein solstråle eller to som trefte nasetippen. Eg har lova badenymfa Elin at eg skal ikkje skriva noko stygt om ho. Men, herre min hatt så den stakkarslege jenta såg ut på kvelden når (raud)fargen hadde fått godgjera seg nokre timar.
Eg skal vera ærleg å seia at me ikkje brukte solkrem dei første timane første dag. Ikkje før eg fekk leiga meg ein ”scooter” av nokre masete, men hyggelege balinesarar som trakka på meg scooteren for ein femtilapp. No kunne eg køyra opp å kjøpa ein blå og gul nivea sun med solfaktor 30 og ei flaska med aftersun. Scooteren hadde me for ein dag, og då tok me og utforska Candidasa, plassen me budde. Elin smilte godt då vinden bles det blonde håret hennar bakover når ho cruisa scooter i Balis farlege gater.


Lettare rosa


Morten har smurt seg heilt åleina
Kapittel 3 SPA.
Ja det var klart eg ville prøva spa når me var på besøk i eit så billeg land. Me var begge så solbrente at me bestilte ein time, som vara i tre, og skulle motvirke dette. Her vart me smurd inn med ein slik naturell, blomsterluftande, frisk og god krem, eg trur det var honning og aloe vera blant anna, på heile kroppen. Før me fekk eit varmt boblebad i agurkmix som vart runda av med ein herleg hovudbotnsmassasje. Runde to var pedikyr, sånn greie der dei drive å stelle med føtene dine veit du. Ja, eg tok pedikyr. Men nei, eg tok ikkje på neglelakk sjølv eg vart tilbydt det òg. Den solbrente tomatliknande makkaren min slo på stortromma og fekk manikyr i tillegg. Der sa eg stopp for min del. Manikyr er til hender og fingrar for den som lurer på kva det er. På grunn av vår misfarge på kroppen fekk me med oss to svære aloe vera planter til å smørja oss med når sola tok kveld og TVen og aircondition var slått på. Litt seinare i veka, når hudlag nummer to og tre var skrelt av, bar det var strake vegen bort til skranken på spasenteret igjen og forhandla til seg nokre fleire aloe vera planter til å smørja utover dei nordiske tomatkroppane våre. Har du sett ein svidd brite før? Ja sånn såg me ut.




Kapittel 4, Tidsfordriv:
Me var nøgde med veret, temperaturen som haldt seg over 30 grader heile veka, hotellet og tilveret på Bali generelt. Og slik gjekk no dagane. Me stod opp tidleg på morgonen, fekk i oss litt frukost før me la oss på solsenga og slappa av dagen lang med bading, soling og gode bøker. John Grisham’s ”The firm” og ”Associate” kom eg meg gjennom. Elin, lesehesten sjølv, las faktisk heile Twilight sagaen samt ”The firm”. Attmed oss hadde me ei slik lita bjølla så me kunne berre rista på, så kom det balinesarar på laupande band. Til og med dei innfødde balinesarane som berre hang og slang rundt hotellområdet kom springane til tider. Dei ville ha oss med på alt i frå snorkling til å vera vår privatsjåfør.
Til middag falt me begge pladask for Bali spesial cheeseburgar, ein heimelaga hamburgar med pomfritt attåt. Nam nam. Eg trur eg åt denne kvar dag i ti dagar. Når mørket senka seg og månen lyste ut sitt fulle potensiale, sette me oss som regel ut på verandaen og kosa oss med ein boks cola, ein boks aftersun og ein boks med myggspay og lauste alle verdsproblema verbalt. Rett før leggebel pakka me oss inn i lakenet stive, såre, raude og eit par hudlag lettare og såg ein film på HBO. Ein kjempekanal. Her går det filmar 24/7, og det beste av alt, Kanalen er reklamefri!! ”Home box office” er favorittkanalen min frå no av.





svart sand på stranda




Eg tek bomba:)
Kapittel 5, The End:
Etter ti fantastiske dagar i ferieparadiset på Bali var det duka for heimreise den 1. Oktober. Strandløva Elin fekk æra av å sjekka ut frå hotellet og drog kortet på svimlande 5,6 millionar som me hadde brukt på room service, spa, colaboksar, mat og ein haug med iskrem.



Bagus:)
2 kommentarar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
KD | oktober 23, 2009 ved 1:28 pm
Hvordan får man en sånn fin grisefarge Momo??
Jeg skulle også gjerne bestilt en klippetime ila 2010, hvis det er muligheter for det?
2.
ElinogMorten | oktober 23, 2009 ved 1:37 pm
Morten har vært flink til å ikkje bruka solkrem første timane.
Timen din til klipp er notert
Klemmer